37 prosent felling i Nordfjella


Foto fra Djupsbottane i Nordfjella i oktober i år. Foto: Harald Skjerdal/Aurland fjellstyre

Foto fra Djupsbottane i Nordfjella i oktober i år. Foto: Harald Skjerdal/Aurland fjellstyre

Villreinutvalet for Nordfjella er alltid tidlig ute med ei komplett oppdatering etter villreinjakta, så også i år. Villreinutvalet sendte ut følgende pressemelding i dag:

“Villreinutvalet for Nordfjella sender her ut ei pressemelding etter jakta, saman med fellingsstatistikk og rapport frå oppsynsleiar. Nærare opplysningar kan gjevast av underteikna (mob. 47874374), eller av leiaren i utvalet, Sigmund Tveitehagen – mob. 99295152.

335 dyr felt under jakta
Fellingstalet etter jakta i Nordfjella villreinområde enda opp med 335 dyr, ein fellingsprosent på 37,2 av tildelt kvote på 900 dyr. Dette er noko lågare enn det som villreinutvalet hadde rekna med då kvoteforslaget vart vedteke. Best jakt i år hadde jegerane i Aurland, med 116 felte dyr, 48,9 % av tildelt kvote. For dei andre kommunane i villreinområdet vart resultatet slik:

Lærdal 76 dyr (38,2 %), Hemsedal11 dyr (29,7 %),  Ål 43 dyr (27,4 %), Hol 82 dyr (33,5 %) og Ulvik 7 dyr (16,3 %).

Jakta begynte med mykje dyr i nordaustlege område i Borgund-Hemsedal-Ål, før flokkane trekte vestover mot fjellområda i Lærdal og Aurland, der storflokken og var innom Iungsdalsterrenget i Hol. Spesielt for jakta i år, var at store deler av Ål var heilt utan rein mykje av tida, noko som var med og drog ned det samla fellingsresultatet.

Med det låge fellingstalet,  er det mykje som tyder på at vinterstamma i villreinområdet vil auka. Villreinutvalet si kalveteljing i juli i år synte eit kalvetal på omlag 700. Litt naturleg avgang i flokkane må ein rekna med, i tillegg til det som vert teke ut gjennom jakt.

Fellinga fordelte seg med 291 dyr nord for vegen Aurland – Hol, og 44 dyr sør for denne vegen. Det låge fellingstalet på sørsida var eit resultat av eit likelydande vedtak i villreinutvalet og i grunneigarlaga og fjellstyrai Hol og Aurland om å korta inn jakta på den sida til 12 dagar, slik at ein avslutta jakta i månadsskiftet august – september. Dette gav den effekten ein var ute etter – eit lågt jaktuttak, og vonleg vekst i den delen av stamma som nyttar området.

Samjaktavtalar viktig
Går ein nærare inn i statistikken, ser ein at mykje dyr vert felt gjennom aktiv bruk av samjaktavtalar. Over 20 % av fellinga er resultat av at fellingsløyve vert nytta i andre kommunar enn der korta er utskrivne. Ein endå større del av fellinga skjer gjennom samjakt overjaktfeltgrensene innan kvar einskild kommune.

Positiv vektutvikling
Særleg for kalv har slaktevektene betra seg i høve til året før. Både hann- og hokalv er eit par kilo tyngre i år, i gjennomsnitt. Dette tyder på at beitesesongen 2016 har vore god for villreinen. Ein liten vektauke finn ein og for vaksne dyr.

Jaktoppsynet
Villreinutvalet sitt engasjerte jaktoppsyn har hatt 65 oppsynsdagar, 740 timar. I tillegg kjem SNO med 6 dagar i villreinområdet. Oppsynet har utført172 kontrollar, og hadde i tillegg 376 møte med jeger der det vart gjeve informasjon.  Ingen episodar er politimelde i år, men det var 4 såkalla OPS-saker – tilfelle der det vart gjeve munnlege pålegg eller åtvaring. Registrerte tilfelle av skadeskyting har gått litt opp, frå 2,3 % av kvote i 2015 til 2,7 % i år.

CWD
Villreinutvalet takkar alle jegerane for solid oppslutning om innsamlinga av prøver for CWD-analyse. I praksis innebar dette transport og innlevering av hovud av felte dyr. I nokre tilfelle vart tunge hovud frakta på sekken i mange timar. Med eit fellingtal på 335 og per dags dato 334 analyserte prøver, fortel dette at oppslutninga frå jegerane har vore nær 100 %. To av dyra som vart felt under jakta i Nordfjella viste seg å vera positive for CWD, eller skrantesykje, som sjukdomen no heiter på norsk.

Helsing
Villreinutvalet for Nordfjella
v/Harald Skjerdal
 (sekretær)”

 

 

villrein.no – Arne Nyaas