Reinsdyrkadaver gjev nytt liv


Bilete visar ein del av dei daude reinsdyra nokre dagar etter hendelsen. Foto: Knut Nylend/Statens naturoppsyn

Bilete visar ein del av dei daude reinsdyra nokre dagar etter hendelsen. Foto: Knut Nylend/Statens naturoppsyn

Hausten 2016 blei 323 reinsdyr drepne av lynnedslag på Hardangervidda, ikkje langt frå innsjøen Vråsjåen og nokre kilometer frå turisthytta Stordalsbu. Alt same hausten blei det sett i gang eit forskingsprogram som skulle undersøkje kva følgjer dette fekk økologisk og meir spesifikt: korleis påverka dette vegetasjonen i området der alle kadavera blei liggjande att. No to år etter har det kome  nytt liv i vegetasjonen der reinsdyrkroppane blei liggjande overlatne til naturens eige renovasjonsvesen.

Les også “Hva skjer med naturen når 300 reinsdyr blir drept av et lynnedslag?” (forskning.no)

Hendinga med lynnedslaget var unik og nyhendet gjekk verda over. Det er difor ikkje så underleg at det er avisa The New York Times som i ein artikkel 17. august publiserer ein artikkel om kva forskarar har funne ut etter å ha fylgd med på kva som skjedde rundt reinsdyrkadavera i to år.

Frå død kjem liv
Det er Sam Steyaert, forskar ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), som har rapportert om kva som har skjedd rundt kadavera. Det handlar om “frå død kjem liv” i fylgje Steyaert. Reinsdyrkadavera med alle næringsstoffa blei raskt ein arena for store mengder åtseletarar som etterlet seg mengder av ekskrement fylt med frø. Dette har ført til at dette avgrensa arealet fekk eit potensiale for eit nytt mangfald av planter henta frå eit større område. Forskarane var raskt på banen og såg moglegheitene til å studere korleis ein tragedie i dyreverda kan vendast til noko positivt, alt regissert av “naturens gang”.


Fyrste fase medførte overgjødsling og eit surare jordsmonn på grunn av rotnande åtsel. Foto: Knut Nylend/Statens naturoppsyn

Fyrste fase medførte overgjødsling og eit surare jordsmonn på grunn av rotnande åtsel. Foto: Knut Nylend/Statens naturoppsyn

Tusenvis av flugelarvar
Prosjektet fekk namnet REINCAR, ei forkorting av engelske “reindeer carcasses”, men òg ein link til ordet “reincarnation”. Forskarane sette opp eit feltlaboratorium alt i oktober 2016. Kvar gong dei var der observerte dei hundrevis av ramn og kråke, mange mindre fuglar og ein og annan rovfugl: ørn og fjellvåk. Viltkamera til SNO på plassen har òg fanga inn blant anna rev og jerv.

Same hausten var det framleis mykje kjøt att, og “gassutsleppet” frå nedbrytinga var formidabelt – det blir rapportert om “alle slags safter og tusen på tusen med maggot – flugelarvar”. Der var naturleg òg haugar med ekskrement. I desse fann ein blant anna mengder med kreklingfrø. Krekling er ei nøkkelplante på den alpine tundraen og er viktig mat for mange artar og viktig i næringskjeda.

Nytt mangfald i naturen
Steyaert fortel om eit brått skifte i næringsstoffa i jorda, overgjødsling og eit surare jordsmonn på grunn av at rotnande åtsel drep vegetasjonen. Når så alle åtseletarane dreg med seg ein miks av frø frå eit stort område, får du eit lite areal der spreiing og spiring av frø gjev maksimal utteljing over tid. Slik ventar forskarane at denne staden vil bli interessant med eit mangfald av ulike planter, takka vere åtseletarane. Det interessante er at nedbryting av kadaver i naturen på denne måten kan bidra til å skape genetisk mangfald over eit større område, eit nytt perspektiv i fylgje forskarane.


Bilete er teke 19. juni 2017, altså nesten eit år etter hendelsen. Foto: Knut Nylend/Statens naturoppsyn

Bilete er teke 19. juni 2017, altså nesten eit år etter hendelsen. Foto: Knut Nylend/Statens naturoppsyn

Vil fylgje med
Steyaert seier til New York Times at ettersom slik massedød er svært sjeldan, vil teamet hans også studere kva nedbryting av einskildkadaver i naturen kan føre med seg. Kanskje er dette mykje viktigare enn me har sett for oss? I dei seinare åra har stadig meir forsking peika mot at rovdyr har ein forbausande stor innverknad på heile økosystemet, i fylgje Steyaert. Samtidig vil forskarane fylgje med vidare framover på kva som skjer på denne staden på Hardangervidda. 

Krekling spreier seg via åtseletarar?
Forskarane fortel elles at den fyrste våren var stanken frå dei rotnande kadavera så intens at dei brukte mentolkrem i nasen for å halde ut. Medan neste vår, dvs. i år, var det for det meste berre att skinn og bein og nesten ikkje vegetasjon. Men sommaren 2018 kom det gras og starr  – livet byrja å vende tilbake. Eit gras, smyle, sytte for at området fekk eit rosa skjær sett frå litt avstand.


Raudrev og ravn er blant åtseletarane som har forsynt seg av reinen. Foto: viltkamera Statens naturoppsyn

Raudrev og ravn er blant åtseletarane som har forsynt seg av reinen. Foto: viltkamera Statens naturoppsyn

Nyaste observasjon er at krekling har spreidd seg kraftig, ifylgje forskarane. Krekling bognar av blåsvarte bær som ein godt kan ete. Inni er det mykje frø, men biologane har oppdaga at planta spreier seg nesten berre vegetativt, det vil seie via stiklingar. Det er svært sjeldan ein kjem over spirande frø. Men ramn og kråke et kreklingbær, og mange frø er fullt springsdyktige når dei kjem ut med lorten. Når desse frøa hamnar på godt gjødsla jord, som det er rundt eit kadaver, kan det vera frøets sjanse til å vekse opp.  Men dette veit ein for lite om i fylgje Steyaert, som vil forske vidare på temaet. Og med det vil reinsdyrkadavera på Hardangervidda fortsetje å spela ei rolle, både for forskinga og naturen.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing