Reinheimen-Breheimen: Vurderer å kutte ut fellesjakta


Uheldig jakt: Oppsynskorpset under årets reinsjakt kan fortelje om fleire uheldige episodar i Reinheimen. Foto: Fjuken/Arkivfoto: Hans Erik Kjosbakken

Uheldig jakt: Oppsynskorpset under årets reinsjakt kan fortelje om fleire uheldige episodar i Reinheimen. Foto: Fjuken/Arkivfoto: Hans Erik Kjosbakken

Lokalavisa Fjuken, som er ei avis for dei tre kommunane Vågå, Lom og Skjåk, skriv om uheldige jaktepisodar i samband med årets reinsjakt som blei avslutta 14. september.  ”Mange jegerar på reinsflokkane, bomskot og skadeskyting gjer at villreinutvalet for Reinheimen-Breheimen vurderer  tiltak før neste jakt,” skriv Fjuken.

Jegerkonsentrasjon
Fenomenet er truleg ikkje eineståande for dette villreinområdet, signal frå andre villreinområde tyder på at liknande episodar har funne stad. Mange jegerar er samla i same området, mange stadar skjer dette i helgane. Journalist Maria Kampesæter Kleiven i Fjuken har intervjua sekretær i Villreinutvalet for Reinheimen og Breheimen, Knut Granum, som fortel at dei hadde fellesjakt onsdagar og torsdagar i veke 34-36, og at når store reinflokkar har samla seg i lett tilgjengelege område, har mange jegerar oppsøkt området på grunn av at alle då kan jakte fritt utover kommunegrensene. ”Da er det lett for at det blir uheldige episodar”, fortel Granum.
Slik jegerkonsentrasjon fører til at reinen anar fare og flokkar seg, og då blir det vanskeleg å skilje ut dei rette dyra ifylgje Granum. Dagleg leiar i Lesja fjellstyre Tommy Sønsterud fortel at det har vore ein aukande negativ tendens, og at der blant anna har vore episodar der jegerar går forbi andre jegerar for å koma inn til flokkane, noko som skaper misnøye.

Manglar kunnskap
Granum meiner at somme jegerar manglar basiskunnskap om korleis dei skal nærme seg ein reinsflokk, altså at forståinga av jakta ikkje er god nok. ”Mange går opp til reinen med vind i ryggen og øydelegg for seg sjølv og andre”, seier han.

Vurderer tiltak
Resultatet av årets jakt kan bli at det neste år blir slutt på denne fellesjakta, ifylgje Fjuken, som òg refererer at moglege alternative tiltak kan vera å utvide jakttida, slik at flokkane har større sjanse for å bevege seg innafor dei fleste områda. Knut Granum trur at det skal vera mogleg å få fylt kvotane betre med ei utvida jakttid. I fyrste omgang skal årets jakt evaluerast saman med oppsynet og fjellstyra, så skal eventuelle tiltak diskuterast med rettigheitshavarar og til slutt er det villreinutvalet som skal ha det siste ordet.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl