Nordfjella – eldste området for tamreindrift i sør


Tamreinflokken til Hol og Ål reinco fotografert ved Geiterygghytta. Foto utlånet av Kjell Slåtten.

Tamreinflokken til Hol og Ål reinco fotografert ved Geiterygghytta. Foto utlånet av Kjell Slåtten.

Nordfjella er eit fjellområde som har hatt ei mengd ulike tamreinlag opp gjennom tidene. Området har samtidig hatt ei stamme med villrein, men det er usikkert kor stor denne har vore på det tidspunktet tamreindrifta har vore mest utbreidd. Tamreineigarane har for ein stor del vore lokale folk, medan både samar og bygdefolk har vore gjetarar.

Norsk villreinsenter ynskjer i fleire artiklar å rette fokus mot dei villreinområda som tidlegare har hatt tamrein. Her kjem fjerde artikkel, som omhandlar Setesdal Ryfylke. Les også “Norefjell – frå svensk skogsrein til villrein”, “Vest-Jotunheimen – Noregs “villaste” villreinområde?”, «Setesdal Austhei og Våmur Roan villreinområde» og “Setesdal Ryfylke villreinområde – lang periode med tamrein” (villrein.no).

Nordfjella omfattar mange bygdelag som i lange periodar har drive med tamrein: Hol og Ål i sør, Hemsedal i aust og Borgund og Lærdal i nord. Om ein tek med Raudafjell og Flåm, har det også her vore forsøk med tamrein vest i området som no Nordfjellareinen i sone 2 nyttar av og til. Forfattarane av bokserien “FjellNorge” (2001), Lauritzen og Ryvarden, skriv om Skarvheimen at “I noen år var det også tamreindrift i Skarvheimen, …” medan ein i boka “Villreinen – Fjellets nomade” (2017) av Punsvik og Frøstrup, skriv at “I en lengre periode fra 1800-tallet til 1960-tallet var det et tamreinselskap som holdt rein i ulike deler av villreinområdet”. Sistenemnde bok nemner òg den siste tamreindrifta i dette området, i Hol frå 1975 til 1982. Oppsummert tyder dette likevel på at kunnskapen om området, med den eldste tamreindrifta sør for Jotunheimen, er heller mangelfull.

Heilt tilbake til 1780-talet

Ein solid dokumentasjon, blant anna i Holssoga, vitnar om at ein alt i 1781 starta opp med tamreindrift i området som i dag høyrer til Nordfjella. Då drog Erik Uren (Uren=Urdi, ein gard mellom Hol og Ål) til “Finnmark”, det vil seie Rørosområdet og henta sju reinsdyr. Han skal òg ha vore av stad året etter, 1782, og henta 20 dyr som han selde vidare. Enda ein tur er det fortalt om, i 1783, då kjøpte han 102 dyr og hadde med “finnar”, dvs. samar, til å gjete. Erik Uren hadde stølen Årsetstølen, og det heites at han heldt til på Fjellberg ved Haugastøl med reinsflokken. Også frå nordsida av Hallingskarvet kjenner me til tamreindrift frå tida før 1800.

To samiske gjetarar, Lussi og Sacarias, som òg er kjende frå Hardanger, heldt til i Hivjudalen i Hovet. Her er det registrert eit samisk kulturminne, ei innhegning, frå denne tida. Namnet Finnebotn litt lenger vest for Hivjudalen skal ha sitt opphav i samar som heldt til her i denne perioden. Men etter alt å dømme varte ingen av desse tidlege forsøka med tamrein særleg lenge.

Raudafjell – frå tamrein til villrein

I Flåm blei det skipa eit tamreinlag i 1840. På gardane i Flåm er det oppført i alt 119 dyr, men mykje tyder på at heller ikkje denne tamreindrifta var særleg langvarig. Så seint som i 1852 er tamreinlaget omtalt i samband med ulovleg beiting. Også her leigde dei inn samiske gjetarar. Området ein heldt til i var i fjella vest for Flåm, i Raudafjell, altså i det som i dag er ein del av beiteområdet til Nordfjellareinen i sone 2. I dette området blei seinare Raudafjell tamreinlag stifta i 1930 av bønder frå Voss, Vossestrand og Aurland. Dette laget kjøpte inn nye dyr både i 1963 og 1973, men det lykkast ikkje å oppretthalde ei tamreinstamme i området. Og i 2017 skriv avisa Hordaland at grunneigarane søkjer om å få området Raudafjell godkjent som villreinområde med ei jaktbar stamme.

Aurland og Lærdal

Frå Aurland finst det historier om tamrein så langt tilbake som 1790-åra. Det blir fortalt at reinen var så tam at når dyra skulle slaktast, dreiv ein flokken ned i bygda til eit platå som ligg oppe i Flåmsdalen, to-tre kilometer frå garden Fretheim.

Frå området mellom Aurland og Lærdal har lensmann L. Nesse fortalt at eit selskap dreiv med tamrein i fjellet frå Vindedal til og med Grotafjell, altså i eit område sørvest for Lærdalsøyri. Eit tamreinselskap kan ha halde på til 1855 i dette området.

Borgund – mange lag i Nordfjella sone 1

Borgund, som i dag høyrer til Lærdal kommune, var eigen kommune mellom 1864 og 1964. Her har det vore mange tamreinselskap, både på sida mot Vang og Årdal, men òg på sørsida av Hemsedalsvegen, som er området som høyrer til Nordfjella sone 1. Som i dei fleste andre lag sørpå, blei tamrein kjøpt inn frå sørsamiske område både på norsk og svensk side, men det blei òg handla med tamrein laga i mellom.


Tamreinfolk i Nordfjella: i midten reinsgjetaren Anders Horge frå Borgund og til høgre for han, samehovdingen Daniel Mortensen, som var involvert i fleire tamreinlag i desse områda. Dei andre er ukjende. Foto utlånet av Kjell Slåtten.

Tamreinfolk i Nordfjella: i midten reinsgjetaren Anders Horge frå Borgund og til høgre for han, samehovdingen Daniel Mortensen, som var involvert i fleire tamreinlag i desse områda. Dei andre er ukjende. Foto utlånet av Kjell Slåtten.

Denne historia er ikkje særleg godt dokumentert, likevel kan ein kan slå fast at området har hatt vesentlege innslag av tamrein opp gjennom åra. Det er særleg brørne og familien Eraker frå Borgund som utmerker seg som stiftarar av fleire tamreinlag. Elles har det vore eit visst samarbeid med tamreinfolk frå både Hemsedal og Valdres. Eldste kjente laget ein starta er Borgund Tamreinlag ca. 1914/1915. Laget kan ha blitt oppløyst i 1918. Området deira var sør for Hemsedalsvegen. Eit anna lag som òg heldt til sør for Hemsedalvegen er Mørkedalen Reinselskap (1912-1914). Her var det brørne Eraker og den kjende “samehøvdingen” Daniel Mortenson frå Elgå som dreiv. Eit nytt Mørkedalen tamreinselskap eksisterte frå 1925 til 1932.

Tamreinselskapet Fram (1910-1914) hadde base i Borgund, men med eigarar òg frå Valdres og Hemsedal. Basen var Bjøberg i Hemsedal, og beiteområdet var på sørsida av Hemsedalsvegen. Vestfjell (1921-1924) var nok eit selskap som blei stifta i dette området, også her var Daniel Mortensen sentral. Dette selskapet fekk òg nytt liv i ein annan periode, frå 1947 til 1953-54. Dette var siste selskapet hemsedølar tok del i. Andre tamreinselskap dukka opp i dette området, så som Sanddalen (1925-1930) og Nesdalen (1942-1951). Det interessante med Sanddalen er at dyra kvar haust blei drivne ned til ein slakteplass i Hol i Hallingdal.

Hallingdal – også mange lag

I Buskerud sin del av Nordfjella har det òg vore mange tamreinlag i den siste tamreinperioden, dvs. frå 1880-åra og utover. Det eldste laget er Hol reinskompani som starta opp i 1885. Desse dyra blei gjett aust og nord for Hallingskarvet. Selskapet blei reorganisert med mange deleigarar og ny rein blei òg kjøpt inn, bl.a. frå Telemark i 1905. Før Bergensbanen kom leigde dei for det meste hamn på Borgundsida og førde kjøtet ned til Sognefjorden. Laget gjekk seinare over til å bli heitande Hol og Ål reinco etter fleire reorganiseringar.


Område aust for Hallingskarvet i Hol kommune. Foto: Anders Mossing

Område aust for Hallingskarvet i Hol kommune. Foto: Anders Mossing

Vest (og sør) for Hallingskarvet blei eit anna lag stifta i 1889, Hol reinsamlag. Også her var mange eigarar involvert, blant andre fleire frå Reinton-familien. Truleg skjedde det same her som i mange andre lag før 1920, selskapet gjekk med tap og måtte leggjast ned. Fleire nye selskap dukka likevel opp att, blant andre Haugastøl reinskompani (1925-1934) og Finnebotn reinssamlag (1930-1935). Ein sentral mann her var Olav Kvanneberg frå Hovet. Reinen kom frå Valdres.

Ei samekvinne som òg hadde vore i Hol tidlegare, Sigrid Johnsen, kom til Hol med eigen reinsflokk midt på 1930-talet. Hun blei med i Hol og Ål reinco, men etter kvart overtok selskapet reinen hennes. Dette selskapet blei elles organisert på nytt i 1960. Då hadde ein rein både på nordsida og sørsida av Hallingskarvet fram til 1965, ettersom få andre lag dreiv i desse områda. Unntaket var Ustedalen reinlag (1955-1964), då dei la ned selde dei flokken sin til Fram reinlag i Valdres. Ein stutt periode var der òg eit lag i Iungsdalen (1950-1954), men der blei problema for store i høve til blanding med villreinen.

Reinsdyrdrifta gav over tid gode inntekter til bygdene rundt Nordfjella, men det er vel kjent at det har vore mykje konflikt knytt til kombinasjonen villrein/tamrein i desse områda. Ein episode frå 1951 kan illustrere dette:

To reinsgjetarar frå Geilo, Erik Tufte og Torstein Solberg, som båe gjette for Iungsdalen reinselskap, prøva å samle inn att rein som hadde kome over til Aurland- og Lærdalsfjella, men aurlendingar og lærdølar likte ikkje at tamreinen blanda seg med villreinflokkane. Etter at dei to gjetarane hadde opplevd at det blei losna skot i nærleiken av dei, drog dei seg tilbake. På ei steinbu fann dei oppslaget: “Det er 100 kr. i skuddpremie på Erik Tufte og Torstein Solberg”. Om dette ikkje var meint bokstavleg, var det nok likevel ei klar melding.

Slutt for tamreinen

Siste perioden med tamrein i Nordfjella var Østre Hol tamreinlag, der Olav Kaupang frå Hovet stod sentralt. Med i delar av perioden var òg samen Sigvart Johnsen og familien hans. Det var dei som kom med reinen heilt frå Västerbotten i Sverige i 1975. Siste perioden med tamreindrift i Nordfjella fekk ein slutt då det i 1981 fløymde store flokkar med villrein frå Hardangervidda over Bergensbanen og nordover. Dette gjorde det nærast umogleg å halde tamreinen fråskilt frå villreinen. Laget måtte avvikle drifta og slakte ned i 1982, men eksisterer framleis som eit lag utan rein.

Med bakgrunn i all denne tamreinaktiviteten både på Hallingdalsida og i Borgund/Lærdal, er det ikkje så underleg at folk med god kjennskap til tamreinhistorikken og villreinen i Nordfjella har uttalt at Nordfjellareinen har hatt sterk innblanding av «tamreingener».

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing