Nasjonal ramme for vindkraft


Villrein er eit eige underprosjekt i kunnskapsgrunnlaget knytt til nasjonal ramme for vindkraft. Illustrasjonsfoto tamrein og vindmøller: Jonathan E. Colman

Villrein er eit eige underprosjekt i kunnskapsgrunnlaget knytt til nasjonal ramme for vindkraft. Illustrasjonsfoto tamrein og vindmøller: Jonathan E. Colman

Kva område skal sparast for framtidig utbygging av vindkraft i Noreg? Dette er eit viktig tema som kjem til å bli drøfta i næraste framtid. Her vil òg villreinområda koma i søkelyset. Ein rapport om villrein og vindkraft utarbeidd av Miljødirektoratet er venta i løpet av februar 2018.

“Nasjonal ramme for vindkraft” er eit prosjekt der Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) våren 2017 på oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) er bedt om å utarbeide eit forslag til nasjonal ramme for vindkraftutbygging på land. Saka handlar om kva for areal som kan ligge best til rette for landbasert vindkraft her i landet. Del 1 av prosjektet handler om metodikk og arbeidsform, inkludert bl. a. «konsekvensutredninger» og skulle vera avslutta i løpet av 2017. Del 1 er noko forsinka, men forventast klart i løpet av kort tid. Del 2 handlar om hovudleveransen med konkrete framlegg for eigna område for vindkraftutbygging på land vist på kart.  Del 2 skal leverast departementet innan 31.12.2018. «Arbeidet skal gjøres tilgjengelig for en offentlig høring» står det i oppdragsbrevet frå departementet til NVE.

Villrein og vindkraft
Miljødirektoratet har fått i oppgåve å greie ut korleis denne kartlegginga vil kunne slå ut for ulike dyreartar, landskap, naturtypar og friluftsliv sin del. Her finn me villreinen med eit eige underprosjekt. Det er venta at det vil liggje føre ein rapport om villrein og vindkraft frå Miljødirektoratet i løpet av februar 2018.

Det er elles gjennomført fleire forsknings- og utredningsprosjekt dei seinare åra som har sett på moglege effektar av vindkraft på tamrein. Erfaringane frå desse prosjekta blei oppsummera i ei synteserapport frå Norsk institutt for naturforskning i 2017. Rapporten finn du her.

Dialoggruppe
Fleire aktørar har engasjert seg i denne saka. I august 2017 møttest representantar frå desse aktørane: Norsk Ornitologisk Forening, Norges Jeger og Fiskerforbund, World Wildlife Fund, Den Norske Turistforening, miljøorganisasjonen SABIMA og Norges Naturvernforbund. I tillegg deltok Miljødirektoratet og NVE som hadde invitert til dette dialogmøtet. Organisasjonane som var invitert la vekt på at vekting av interesser vil vera svært sentralt. Og at sluttproduktet i tillegg til eigna område for vindkraftutbygging òg bør vise og forklare også dei områda som er ekskludert frå utbygging. Organisasjonane la òg vekt på at det bør gjennomførast regionale innspelsmøte, som ein del av metodikk og arbeidsform, altså relatert til del 1 av prosjektet.

Frå NVE blei det presisert at deira leveranse til OED skal vera eit fagleg råd, ikkje ein fasit korleis utbygginga skal gå føre seg.

Legg vekt på konfliktdemping
I eit tidlegare innspel frå mange av dei same organisasjonane, frå april 2017, heiter det at ”en nasjonal ramme vil kunne være et viktig konfliktdempende tiltak, som sikrer en demokratisk prosess, hindrer utbygging i de mest sårbare naturområdene, og indikerer hvor det kan være akseptabelt å bygge ut, med tanke på naturmiljø, friluftsområder, eksisterende infrastruktur, nettilknyting og regionale energibehov.”
I same innspelet etterlyser organisasjonane at omgrepet konfliktdemping ikkje ser ut til å vera eit viktig formål med nasjonal ramme, slik det blir uttrykt av OED.  Dei meiner med klar referanse til føringar gjort av Stortinget, at OED/NVE må rydde opp i eit misforhold mellom det som Stortinget har skrive og det oppdraget OED gjer.

Frå naturvernhald er det elles uttrykt ei oppriktig bekymring for desse planane, som mange meiner er eit grep for å frigjera enorme utmarksareal for utbygging av vindkraftanlegg.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing