Kven dreiv fangstanlegget på Verket? – Del 2


Tufta som blei graven ut av arkeologar sommaren 2018 ved massefangstanlegget på Verket. Foto: Brit Solli

Tufta som blei graven ut av arkeologar sommaren 2018 ved massefangstanlegget på Verket. Foto: Brit Solli

I forrige veke publiserte vi del ein av den todelte artikkelserien om fangstanlegget på Verket. Her kjem del to.

Ekspertise på massefangstanlegg

I ein artikkel i årboka Villreinen 2015 tek forfattarane Olav Strand, Per Jordhøy og Frid Kvalpskarmo Hansen opp dette temaet. Dei skriv at mens folkegruppene sør i landet har hatt jordbruket som sikraste leveveg i 3000 år, har den samiske kulturen hatt eit tettare forhold til reinen, både villrein og seinare tamrein. Forfattarane skriv:

“Selv om samefolket etter hvert har temt reinsdyra, er det fortsatt rein de har med å gjøre. Derfor har de da også en langt mer inngående kjennskap til selve dyret, enn vi som mer sporadisk er i kontakt med reinen. Det er ikke uten grunn at våre naturfolk i nord har blitt hyret inn for å gi råd når rein skulle fanges inn og overvåkes i forbindelse med vitenskapelige undersøkelser. Den samiske betydningen og deres ekspertise i forbindelse med bygging av de mange spektakulære massefangstanleggene i Sør-Norge er et spennende og alt for lite kjent tema.”

Samisk perspektiv

Kva seier samiske forskarar? Den einaste samiske fagpersonen som har publisert noko i samband med anlegget på Verket, er forfattaren Sverre Fjellheim frå Røros, dette er å finne i boka Gåebrien Sijte – en sameby i Rørostraktene (2012). Han er ikkje arkeolog, men har samla inn og arbeidd med samiske kulturminne i Rørosområdet over lang tid. Fjellheim har skrive to bøker om Rørossamane. I ein artikkel i det vitskaplege tidsskriftet Rangifer (2005) tek han òg for seg det han kallar “fangstbasert reindrift”. Han ser på overgangen frå villreinfangst til tamreindrift og viser til at samar på 1600-talet leda reinen gjennom landskapet inn i ruseforma fangstanlegg som var så effektive at dei samane som dreiv med dette blei hata av andre samar. Presten Tornæus har skildra dette så tidleg som i 1672. Han skildrar eit anlegg som langt på veg liknar det som arkeologane har avdekt på Verket. Fjellheim meiner at ein som berre har litt kjennskap til dagens reindrift, vil sjå at Tornæus’ skildring kunne vore ein omtale av eit trø-anlegg slik det blir bygt av reindriftssamar i dag. Å samle reinen i mindre og mindre gjerde, frå den store beitehagen for til slutt å ende opp i silen, trur ein gjerne er ei nymotens oppfinning, men kanskje det ikkje er det? spør Fjellheim.

Det er truleg 1000 år sidan anlegget i Slådalen var i bruk, og Fjellheim ser for seg at fangstfolka samla ein større reinsflokk i det store gjerdet, og at ein derifrå tok ut små flokkar til det vesle gjerdet, og at ein vidare leda dyra gjennom den tronge slusa og plukka ut dei einskilde dyra ein trong. Det kunne vera slaktedyr, reinsbukkar som skulle temjast til køyrerein, simler ein ville mjølke osv. Når ein hadde plukka ut dei individa ein hadde bruk for, kunne flokken sleppast ut att.


Sverre Fjellheim har skrive bøker om sørsamisk kultur og historie. Han var direktør for det sørsamiske museet Saemien Sijte i Snåsa i 10 år. Foto: Kjell Bitustøyl

Også Fjellheim stiller spørsmål ved kven det var som brukte anlegget på Verket. Han meiner som andre at ingen kan vera sikre på kven dette var, men at ein kan vera einige om at Verket er eit samlegjerde for rein, at anlegget må ha vore brukt av ei større gruppe folk som har hatt fangst som profesjon, og at anlegget er svært likt anlegg for samling av rein som samar har brukt i hundrevis av år og som framleis er i bruk. Når ein så veit at samar sannsynlegvis har halde til både på Dovre og i Østerdalen på denne tida, er det korkje merkeleg eller sensasjonelt at det kan ha vore samar som har hatt tilhald i dette området då anlegget var i bruk i meiner Fjellheim.

Lite fokus på det samiske

Tilsett arkeolog i Sametinget Harald Midthjell som held til på Saemien Sijte i Snåsa, seier i ein kommentar at ingen førebels frå samisk hald har forska vidare med utgangspunkt i Sverre Fjellheims teori. Dette har bakgrunn blant anna i kapasitet innafor samisk arkeologi. “Ingen har tatt tak i det”, seier Midthjell. Han erfarer at dei som driv arkeologisk forsking i Midt-Noreg har tradisjon for å ha lite fokus på det samiske. Til dømes på NTNU er det slik at få studentar forskar på samiske tema. Men meir generelt meiner Midthjell at historieforskinga begynnar å ta seg opp når det gjeld samisk, og Kulturhistorisk museum i Oslo har etter kvart meir fokus på dette.

Midthjell kan elles fortelje at han i samarbeid med arkeologar i Oppland fylke no arbeider med eit anna kulturminneprosjekt. Det er knytt stor spenning til eit område i Smådalen i Jotunheimen som skal undersøkjast nærare, ein har her funne to tufter og ei enorm rund innhegning. Potensielt kan dette ha vore svært viktig, i fylgje Midthjell. Han ser for seg at innhegninga kan ha vore brukt til oppbevaring av rein på ein eller annan måte og ikkje nødvendigvis rein fangst. Undersøkingane sommaren 2019 vil blant anna handle om å prøve å tidfeste dei to tuftene og innhegninga.

Brit Solli på si side fortel at dei skal grave vidare på Verket i 2019, samtidig har ein ikkje fått inn svar på alt materialet som blei samla inn i 2018, blant anna gjeld dette trevirke frå tufta dei grov ut. Ho konkluderer førebels med at massefangstanlegget på Verket ikkje lenger skal vera ein lokal løyndom, men bli sett inn i ein kulturhistorisk samanheng, både nasjonalt og internasjonalt.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing