Klima og rein – potensielle verknader på beite, helse og sjukdom – del 2


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Dette er del to av ein omsett og tilrettelagt artikkel om klimaendringar henta frå ei ny og omfattande bok: ”Reindeer and Caribou – Health and Disease” med Morten Tryland og Susan J. Kutz som redaktørar. Denne delen av artikkelen som kjem her, er forfatta av Morten Tryland, veterinær og professor ved Institutt for arktisk og marin biologi ved Universitetet i Tromsø. Siste del, del 3, omhandlar insekt og klima.

Les også “Klima og rein – potensielle verknader på beite, helse og sjukdom – del 1” (villrein.no)

Klimaendringane kan verke inn på vandringsvegane til reinen. Og innafor tamreinnæringa kan auka fôring bli ei utfordring for statusen til reinskjøt som naturleg sunt og økologisk produsert kjøt.

Endring i beiteområde og migrasjonsruter

Klimaendringar og med dei endring i økosystema, kan på grunn av endra beitetilhøve få innverknad på kvar reinsdyra legg vandringane sine, både sommar og vinter. I tillegg kan òg andre artar endre utbreiing innafor reinsdyras økosystem og leveområde. Nye dyreartar kan slik bli introdusert i nye regionar og bli eksponert for reinsdyra og deira livsmiljø for fyrste gong. Dette kan få ringverknader ved at også nye sjukdomar blir introdusert i reinsdyr- og caribouflokkane. På den måten kan ein faktor som fører til sjukdom, og som kan vera felles for hjortedyr, overførast via direkte kontakt eller gjennom felles livsmiljø.


Det er ein aukande overlapping av leveområde for ulike hjorteviltartar. Biletetet er teke sentralt på Hardangervidda vinteren 2018. Elg er ikkje noko uvanleg syn her. Foto: Anders Mossing

Eksempel på dette er den aukande utbreiinga dei siste åra av elg og kronhjort i Fennoskandia (dvs. Noreg, Sverige, Finland, Kolahalvøya og russisk Karelen). Desse artane representerer aukande overlapping av leveområde og ny kontakt mellom ville og tamme reinsdyr og andre hjorteartar. Men her veit ein for lite om eventuell introduksjon av nye infeksjonsagens, som parasittar, bakteriar og virus, som kan framkalle sjukdom hjå reinsdyr. Likevel verkar det som om mange av for eksempel virussjukdomane hjå drøvtyggjarar er artsspesifikke. Det vil seie at ein kan finne liknande sjukdommar hjå fleire dyreartar, men at viruset som er årsak til sjukdommen er forskjellig frå dyreart til dyreart og ikkje smittar mellom ulike vertsartar. Men det ferske funnet i Noreg av skrantesjuke (CWD) hjå reinsdyr i Nordfjella og elg/hjort i fleire område, er døme på ein type infeksjon som kan ha påverknad på mange hjorteartar.

Eit døme på mogleg påverknad av endra trekkruter for caribou, handlar om Western Arctic herd i Alaska. Denne spesielle cariboubestanden har kalvingsplassane sin på tundraen nord for Brooks Range. Om hausten trekkjer dei sørover til vinterbeita i dei store skogområda. På vegen sørover plar dei passere Seward-halvøya, men på midten av 1990-talet starta dei å trekkje vestover og hamna i staden på dei vestlege delane av halvøya. Her møtte dei tamrein som var eigd av inuittane i regionen. Mange av tamreinen blanda seg med caribouflokkane og nokre reineigarar mista mesteparten av dyra sine. I tillegg er caribouen eit viktig byttedyr for brunbjørn og ulv, som fylgde flokkane vestover og ut på Seward-halvøya og etablerte seg der, noko som seinare har blitt ei utfordring for reindrifta. Etter 2003 har berre tre av i alt 14 tamreinflokkar vist seg å vera kommersielt levedyktige, sjølv etter 100 år med reindrift i området. På denne måten kan endra dyremigrasjon føre til store lokale og regionale endringar i livsgrunnlaget for reinsdyr og menneska som er avhengige av dei.

Aukande fôring av tamrein

Sjølv om tilgang på gode beiteområde for tamrein kan auke i sommarsesongen på grunn av klimaendringar og auka planteproduksjon, kan storleiken på reinsdyrstammene lett bli avgrensa av knappe eller utilgjengelege, til dømes nedisa, vinterbeite. Mange reinsgjetarar må ty til tilleggsfôring, enten som akuttiltak i stuttare periodar for å unngå kritiske situasjonar, eller som del av ein meir langsiktig strategi. Regulær vinterfôring er spesielt vanleg i Finland. Der blir reinsdyr mange stadar halde permanent innafor gjerde eller innhegningar heile året. Men også i Sverige og Noreg er dette i ferd med å bli meir vanleg. Enten blir fôret transportert inn til fjellbeita, eller så held ein dyra i innhegningar i periodar og fôrar dei der.


Mange stadar blir reinsdyra halde permanent innafor gjerde eller innhegningar heile året. Dette kan væra sjukdomsframkallande. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Mange stadar blir reinsdyra halde permanent innafor gjerde eller innhegningar heile året. Dette kan væra sjukdomsframkallande. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

God fôring av reinsdyr er avhengig av tenleg fôr for dyra, riktig mengde og ein tilstrekkeleg periode med tilvenning til nye fôrtypar. Dette for at fordøyelseskanalen skal tilpasse seg. Fôring av reinsdyr betyr òg at dyra blir haldne innafor eit avgrensa område/innhegning, eller at dei blir samla på høvelege stadar. På desse stadane vil reinsdyra ha auka nase-til-nasekontakt, men dei vil òg bli eksponert for urin og avføring frå kvarandre i mykje større grad enn på eit stort beiteområde. I tillegg kan fôring òg føre til meir stress, både i form av kontakt med menneske, men òg gjennom ein tettare sosial omgang, der hierarki og konkurranse om fôret heile tida står i fokus.

Difor vil dyra utveksle infeksjonsagens i mykje større grad innafor eigen flokk og også mellom andre flokkar, dersom fleire flokkar kjem til dei same fôringsplassane. Dette kan føre til stress som aukar produksjonen av stresshormon, som er kjent for å ha immunnedsetjande effekt. Dersom ein held dyra i den same innhegninga over tid, kan det i tillegg føre til uhygieniske forhold, som kan auke smittepresset og bidra til sjukdomsutbrot under visse omstende. Me vil i det fylgjande presentere nokre få døme på sjukdomar som kan bli overført ved tilleggsfôring av reinsdyr.

Alphaherpesviruset, (Cervid herpesvirus 1 – CvHV2) blei under eit sjukdomsutbrot i Noreg (2009) og ved eit smitteforsøk (2017) identifisert som den utløysande faktor ved smittsam augebetennelse. CvHV2 er vanleg i reinsdyrbestandar i heile Fennoskandia. Påvising av antistoff i Finnmark fylke har vist at ca. 50 % av vaksne reinsdyr, ja, opp til 100 % i nokon besetningar, og omtrent 8 % av kalvane, hadde vore eksponert for dette viruset. På same måte som andre herpesvirus, etablerer CvHV2 ein livslang infeksjon, og sjølv om viruset kan etablere ein inaktiv fase, kan det aktiverast på nytt i ein stressituasjon. Større utbrot av smittsam augebetennelse, som nokon gonger kan gå utover dusinvis eller hundrevis av dyr, er rapportert frå innhegningar med fôring. Typiske utbrot kjem etter periodar med svak allmenntilstand, stress i samband med inndriving, handtering, transport og tett kontakt mellom dyra.

Eit anna virus som framkallar sjukdom og som ser ut til å vera assosiert med fôring og inngjerding, er parapoxvirus (Orf), som fører til smittsam munnskurv. Dyra får sår og blomkål-liknande utvekster i slimhinnene, spesielt rundt munn og nase. Det hender dette er så omfattande at dei sluttar å ete og døyr av avmagring.

Det er typisk at denne sjukdomen dukkar opp i innhegningar der reinsdyr har gått og blitt fôra i veker og månader i løpet av vinteren. Dette skaper stress og tett dyr-til-dyr kontakt. Det har hendt at utbrot av smittsam munnskurv har blitt knytt til innhegningar som tidlegare er blitt brukt for sau.

Dei to nemnde virusinfeksjonane, CvHV2 og Orf-virus, fører altså til sår i huda og i slimhinnene i munnen, dette banar veg for bakterielle infeksjonar, som Fusobacterium necrophorum. Denne bakterien kan føre til alvorlege sår og infeksjonar, spesielt i klauvspaltene (fotrote, digital necrobacillose, kalla slubbo på samisk), og var tidligare vanleg hjå dyr som blei halde i innhegningar over noko tid, slike som mjølkerein og køyrerein. Mens mjølking av reinsdyr framleis blir praktisert søraust i Sibir, tok dette slutt blant samane i perioden 1905-1925, med unntak av einskilde område der heldt ein på til 1960-åra. Snøskuterar og firehjulingar har erstatta køyre- og kløvreinane. Som eit resultat av dette er slubbo (digital necrobacillose) knapt å sjå lenger, men same bakterie fører til alvorleg betennelse i slimhinner i munn og fordøyelsessystemet og har blitt meir vanleg. Sjukdommen gjev store skadar på gummane, tannkjøtet og tunga, og også på andre deler av fordøyelseskanalen og er som oftast å finne i inngjerda reinflokkar.


Fotråte blei avdekka på villrein på Hardangervidda i 2015, men er også funne i andre villreinområde. Foto: Eivind Lurås

Fotråte blei avdekka på villrein på Hardangervidda i 2015, men er også funne i andre villreinområde. Foto: Eivind Lurås

Les også “Fotråte avdekket på Hardangervidda” (villrein.no)

Akutt lungebetennelse, spesielt hjå kalvar og ungdyr, blir gjerne forbunde med stress, transport og fôringssituasjonar. I nokon tilfelle har kalvar døydd i slaktegjerdet etter akutt sjukdom utan å ha vist kliniske symptom på førehand.

Av og til rammar to eller fleire av dei nemnde sjukdomane samtidig i ein reinsflokk, sett i sving av sjukdomsframkallande bakteriar, men utløyst av ein stressituasjon og utfordringar desse bakteriane skaper for immunsystemet til reinsdyret. I einskilde tilfelle av utbrot ser det ut til at det er virusinfeksjonar som CvHV2 og parapoxvirus som fyrst har laga sår i membranane i slimhinnene, sår som i neste omgang har blitt infisert av Fusobacterium necrophorum og andre bakteriar.

Dersom det blir vanleg praksis å fôre reinsdyr heile vinteren i staden for berre i en naudsituasjon, er det truleg fare for at også parasittar, som leverikter, lungeorm og mage-tarmparasittar blir meir vanlege. Fôring av reinsdyr i innhegningar i løpet av vintermånadane vil kunna krevje meir innsats for å oppdage symptom på sjukdom på eit tidleg stadium. Det vil sannsynlegvis bli meir behov for veterinære tenestar og større innsats på førebyggjande tiltak. Meir tilleggsfôring av tamrein vil truleg òg kunne føre til meir rutineprega bruk av vaksinar, antiparasitt-behandling og anna medisinsk behandling, inkludert antibiotika.

Økologisk produsert reinskjøt, naturleg sunt og med ein karismatisk viltsmak har høg status generelt blant folk, samanlikna med kjøt frå husdyr. Med auka tilleggsfôring vil den høge statusen stå overfor ei utfordring.

Les også “Del 3” (villrein.no).

Les også om “Helseovervåkingsprogrammet for hjortevilt”.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing