Oppsiktsvekkande og samanfallande forskingsresultat på villrein i Knutshø
Publisert: 11.11.2021
Høgfjellet er fostringsplass for mange artar, mellom anna villrein og sau. Knutshø, som ligg mellom Oppdal, Folldal og Tynset kommunar, har gjennom årtusenar vore leveområde for villreinen, og etter kvart også sauen. Men dei siste åra har det vore observert ei endring i kalvetilveksten hjå villrein. Det er også sett mager rein, og statistikken viser at kalvetala er nesten halvert frå midt på 1980-talet til 2019, samanlikna med til dømes villrein i Snøhetta-området.
Mager rein i Knutshø, slik vi ikkje vil sjå han, og ein av grunnane til at forskingsprosjektet vart sett i gang », seier Bjørnar Ytrehus. FOTO: Ingolf Røtvei 2007 – Oppdal Bygdeallmenning
Ein ser at villreinstammen i området har redusert funksjon, seier Bjørnar Ytrehus, forskar ved Veterinærfakultet ved Sveriges Lantbruksuniversitet. Han seier òg at villreinen i Noreg i sum blir påverka av mange ytre faktorar, som til dømes fragmentering av leveområda, stress som følgje av forstyrringar, inngrep i naturen, auka parasittbelasting grunna klimaendringar, infeksjonssjukdommar, konkurranse frå andre drøvtyggarar om beiteareal osv., der alle faktorane etter kvart er med på å forsterke kvarandre.
Del éin av studiet – har reinen saueparasittar?
Forskarar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) rapporterte inn dei nedslåande tala i 2014, og det vart sett i gang eit brett forskingsarbeid for å finne svar på kva årsaka til kalvereduksjonen er, og kvifor ein observerer mange magre rein i Knutshø-området. Folk som ferdast mykje i dette området har også sett mange reinskalvar med diaré og møkk på bakparten og bakbeina. Mykje av arbeidet er utført av Kjersti S. Utaaker, Per Anders Robertsen, Bjørnar Ytrehus, Geir Rune Rauset, Olav Strand mfl.
Ei hypotese som vart framsett var at reinen kunne vere infisert av parasittar frå sau på saltplassane i fjellet. Talet på sau i Knutshø-området har auka med 27% sidan 2000. Samtidig kan det sjå ut som om talet på saltplassar i høgfjellet har auka dei seinare åra. Dette er plassar som står i områda der fostringsflokkane til Knutshøreinen oppheld seg.
Reinen har reinparasittar han er vant til å leve med. Det same har sauen. På 1980-talet vart det gjort parasittologiske undersøkingar på villreinen i Knutshø og Forollhogna. Rapporten den gongen konkluderte med at det ikkje var overføring av saueparasittar mellom rein og sau (Bye, 1985). Men under Villreinrådets fagdagar på Geilo, la Bjørnar Ytrehus fram resultat frå Per-Anders Robertsen sitt master- studie (https://brage.inn.no/inn-xmlui/handle/11250/2660559 ) og talmateriale frå prøvar teke i 2018/2019 av mage- og tarminnhaldet hjå villrein. Desse prøvene vart teke mellom anna i Knutshø, Nordfjella sone 2 og Forollhogna, samt hjå tamrein i Finnmark. Tilsvarande undersøkingar vart også gjort av tarminnhaldet hjå sau i dei same områda. Resultatet viste at villreinen i Knutshø ber rundorm som til vanleg finst i sauens mage-tarmsystemet. (Teladorsagia circumcincta og Nematodirus battus). Den eine parasitten (Teladorsagia circumcincta ) bidreg til at sau mellom anna får redusert allmenntilstand og produserer mindre mjølk til lamma. Dette skjer som regel på våren når søya har redusert immunforsvar og allmenntilstand grunna lamming. Parasitten blir årsak til betennelse i løypemagen.
NINA har sett opp kamera som filmar reinen som trekkjer til saltplassane for sau, og et jorda som er infisert med egg av saueparasittar og utklekte nematodar. FOTO: viltkamera frå NINA
Den andre rundormen (Nematodirus battus) er ein framand art i Noreg, og vart importert til Noreg på 50-talet med sau frå Storbritannia (https://artsdatabanken.no/Fab2018/N/2672). Denne kan forårsake tarmbetennelse og diaré hjå lam, redusert allmenntilstand og i nokre høve lammedød. Denne rundormen har synkronisert eggklekking, som vil sei at alle parasittegga klekker samtidig ved 10 grader ute på beite, noko som kan gjere at immunsystemet til lamma vert overmanna av ei stor dose parasittar. Begge saueparasittane lever som snyltarar i mage og tynntarm til sau og lam, og ein ser dei som små rundormar. Det er vanleg å behandle sau og lam med antihelmintika for å motverke sjukdom av snyltarane. Det er endå uvisst om parasittane har same effekt på rein, men det er samanfallande hendingar, der reinskalvane er magre. Mange kalvar slit med å legge på seg, og fleire og fleire simler i området går utan mjølk i juret, fortel Bjørnar Ytrehus. I dei tilsvarande studia gjort på andre reinstammar, vart det også funne saueparasittar i villreinområda, men førekomst og byrde av disse var høgast i Knutshø.
Del to av studiet – ligg det parasittegg i jorda på saltplassane?
Ytrehus viser òg til del to i studiet, som gjekk ut på at ein undersøkte førekomst og tal på egg frå saueparasittar i jord på saltplassar for sau, og tilsvarande i jord 300-500 meter unna saltplassane – såkalla kontrollprøver. Jordprøver i Knutshø viste at det finst førekomstar av egg av saueparasittar i jorda på 19 av dei 20 saltplassane dei undersøkte. På det meste fann ein så mykje som 43 egg pr. 15 gram jord, noko Bjørnar Ytrehus meiner er særs oppsiktsvekkande. Til samanlikning finn forskarane berre sjeldan nokre få parasittegg i kontrollprøvene.
Ein ser altså at villreinen i Knutshø, Forollhogna og Nordfjella er infisert med saueparasittar, men i størst grad i Knutshø, og at dei dermed har ein annan parasittfauna samanlikna med tamrein i Finnmark, men også samanlikna med undersøkingar gjort i 1985. Forskarane trur òg at saltplassane er særs gunstige for overleving og overføring av parasittar og truleg fungerer som kjelde for smitte mellom beitande dyr på utmark. På saltplassane smeltar snøen tidleg, og den mørke jorda gjev gunstig temperatur for snyltarane. I tillegg trivst parasittane der det er fuktig, og eit fuktigare klima gjer at snyltarane har større sjanse til å overleve.
Saltplassar har ei rolle som møtepunkt der smitte mellom drøvtyggarar i fjellet skjer, og dess fleire drøvtyggarar, dess større kontaktflata mellom dyra. Samstundes er dette plassar der mange dyr er innom i løpet av kort tid, og dei et jorda som er forureina med parasittane.
Det vart også isolert N. battus – egg frå villrein. Disse egga viste seg å klekke, og levende larver kom til verda under mikroskopet. Dette viser at denne rundormen er i stand til å legge egg med levedyktig avkom, trass i at verten er ein villrein, og ikkje ein sau. Om disse larvene er i stand til å infisere sau eller villrein er framleis ukjent.
Saueparasitt (Nematodirus battus) som blir klekt ut av egget ved 10 grader. Video: Kjersti Selstad Utaaker, Nord Universitet.
Forskinga er ikkje over for Bjørnar Ytrehus, Kjersti S. Utaaker, Olav Strand og dei andre i teamet. Dei skal jobbe vidare med studien, og vil finne ut meir om det er samanheng mellom mengde sau og talet på parasittar i jorda, om førekomsten av saueparasittar i kalvane hjå reinen i Knutshø, kva for slags skade desse gjer på dyra, og om korleis rein og sau brukar saltplassane.
Referansar
– Bye, Karstein. “Abomasal nematodes from three Norwegian wild reindeer populations.” Canadian Journal of Zoology 65.3 (1987): 677-680.
– Per Anders Robertsen si masteroppgåve: https://brage.inn.no/inn-xmlui/handle/11250/2660559
– https://www.artsdatabanken.no/Fremmedarter/2018/N/2672
villrein.no – Kristin Gansmo Brenna