Vassdragskonsesjonar skal fornyast
Aursjøen
Ein litt tung materie tenkjer ein kanskje når ein møter omgrep som «vilkårsrevisjon av vassdragskonsesjonar». Den beste inngangen må kanskje vera å ta tak dei einskilde konkrete vassdraga og sjå på kva som «er i spel». Eit eksempel som blei brukt av Siri Bøthun er Aurareguleringa, dvs. oppdemming av Aursjøen som ligg delvis i Lesja kommune – her blei kraftstasjonen sett i drift i 1953. Kraftverket er eitt av dei største i landet. Bøthun viste fram litt historikk om denne kraftutbygginga som har fått store konsekvensar for gamle villreintrekk, desse har blitt demt ned, til stor skade for villreinens trekkruter og beiteområde. Aurareguleringa har vore tema på mange villreinmøte opp gjennom åra, og ein eigen NINA-rapport om reetablering av villreintrekk kom alt i 2007. I juni i år blei vilkårsrevisjonen for Aurareguleringa endeleg avslutta, då nye vilkår for konsesjonane blei fastsett ved Kongeleg resolusjon.
Mange vilkårsrevisjonar på gang
Tida er komen for mange villreinområde: «Vilkårsrevisjonane kjem til eit villreinområde nær deg», sa Bøthun og viste til at mange av dei revisjonssakene som er under handsaming inneheld reguleringar innanfor villreinområde (2 av i alt 17 revisjonssaker som er ferdighandsama i Olje- og energidepartementet (OED), 3 av i alt 16 saker som er til handsaming i OED pr. dato, og 4 av 6 saker som er ute på høyring no).
Bøthun lista opp kva ein kan arbeide for og kanskje oppnå i samband med desse revisjonane. Dette handlar blant anna om korleis ein kan dempe det ein kallar «samvirkende effekt». Ei utfordring her er om ein har tilstrekkeleg med kunnskap til å setje i gang med kostbare avbøtande tiltak? Utfordringa er òg å finne ut kva for aktørar som skal på banen, for dette handlar ikkje berre om kraftselskapa.
Eit stort gjennomslag
Bøthun viste til NINA-forskar Manuela Panzacchi som har stått i spissen for å utvikle ein ny metode, gjennom RenRein-prosjektet, ved hjelp av simulerte modellar. Med dette nye digitale verktøyet bygd på GPS-data kan ein lage seg modellar som kan brukast i høve til ulike scenario, altså ved å simulere kva framtidige konsekvensar ulike tiltak vil få, det vere seg stenging av anleggsvegar, flytting av turiststigar e.l.
Bøthun meinte at kravet frå villreinmiljøet må vera
· at påverknaden på eit villreinområde må sjåast på som ein heilskap.
· at avbøtande tiltak òg må til utanfor sjølve konsesjonsområdet.
· at ein må involvere andre aktørar, og at mangel på kunnskap ikkje må brukast som påskot for å ikkje gjera noko.
Desse punkta er då òg kome inn i departementets formuleringar i Kgl. res. for dei nye vilkåra for konsesjonane i Auravassdraget, noko som må sjåast som eit stort gjennomslag.
Ikkje for seint å påverke
Bøthun sa avslutningsvis at det ikkje er for seint å påverke dei pågåande prosessane gjennom høyringar, eller eventuelt be om å få kome med tilleggsmerknadar, dersom ein oppdagar at viktige moment, og særleg då eventuell ny kunnskap, ikkje er kome fram under høyringa. På NVE si nettside kan ein finne ei liste over vassdraga med dei respektive konsesjonane. Her kan du leite fram dei som ligg i ditt eige villreinområde og sjå om det er opna revisjonssak og eventuelt kor langt dei er komne i prosessen. Om du lurar på kva revisjonar som ligg til ditt villreinområde, kan du finne dette på denne linken.
Siri Bøthun, kom òg med nokre tips for hjelp undervegs: Ta kontakt med RenRein, eller spør om hjelp frå Norsk villreinsenter. Ho oppmoda òg til å sende inn kopi av høyringssvar som gjeld villrein til villreinsenteret, så det kan leggjast til i databasen. Elles så kan du berre ringe til Siri Bøthun!
Nyttig nettside:
• https://nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/
villrein.no – Kjell Bitustøyl