Det har blitt gjennomført to kalveteljingar på Hardangervidda 2020, den fyrste 25. juni, det var her det blei funne flest dyr. Ei vellykka strukturteljinga gjekk føre seg med helikopter den 20.11.2020.
Det er Norsk institutt for naturforskning og Hardangervidda villreinutval som står for desse teljingane. Kalveteljinga gjekk føre seg den 25. juni under gode vêrtilhøve, og mange av flokkane stod på snø. Sjølve teljedagen blei etter alt å dømme alle radiomerka dyr funne. Av dei totalt 6718 dyra som blei fotograferte var det 1883 kalvar.
Då ein ikkje lykkast med å få til stukturteljing frå bakken i etterkant av jakta, blei det brukt helikopter for å fotografere flokkane den 20. november. Teljinga blei vellykka, og ein fann totalt 5.526 dyr, av desse var 8% bukk 2,5 åringar, og 6% 3,5 åringar eller eldre. 1,5 åringar var umogleg å skilje ut, difor blei desse talt saman med simlene og utgjorde 63%. Kalveprosenten var då på 23%.
Fellingsoversikten frå jakta på Hardangervidda viser totalt 1411 dyr
villrein.no – Kjell Bitustøyl