Hugs å registrere CWD-prøver på www.settogskutt.no !

Villreinjakta er godt i gang og det same er innsamlinga av CWD-prøver frå felte rein. Frå Hardangervidda hadde Veterinærinstituttet ved månadsskiftet august/september så langt motteke 300 prøver, men berre 187 av desse var då registrert på nettsida www.settogskutt.no.

Dette kan truleg ha opphav i ei mistyding ved informasjonen som blei sendt ut og gitt i møta i forkant av jakta. Det var då sagt at det var tilstrekkeleg å fylle ut merkelappen og sende denne saman med prøvene til Veterinærinstituttet. Det korrekte her skal vera at jegeren beheld merkelappen og sjølv registrerer prøva med strekkode, direkte på nettsida www.settogskutt.no etter at prøva er sendt inn.

Jegerane oppmodast difor no til å fylle ut merkelappen som anvist (for meir info sjå www.villrein.no/cwd) og registrere den innsendte prøva på «sett og skutt» så snart som råd etter postlegging!

Dette er viktig for å så raskt som råd kunne kople jeger og det felte dyret, i tilfelle positivt prøveresultat. I så fall vil veterinærinstituttet raskt ta kontakt med den aktuelle jeger for innhenting av kjøt samt påvising av fellingsstad.


Settogskutt.no

 

villrein.no – Lena Romtveit