Mellom istidene - et seminar om Europas siste villrein

Litteraturhuset i Oslo, Wergeland

Tirsdag 21. februar 2023 kl. 10.30–15.30

Foto: Anders Mossing

Publisert: 7.2.2023 // Tekst: Karina Gjerde

Foreininga Bevar Dovrefjell Mellom Istidene inviterer inn til seminar om Europas siste villrein. I 2021 kom villreinen på Artsdatabankens raudliste. Kva skal til for at arten overlever? Målet med seminaret er kunnskapsutveksling om villreinen i den norske fjellheimen.

Litteraturhuset i Oslo, Wergeland Tysdag 21. februar 2023 kl. 10.30–15.30

Strøyming: klikk her

Påmelding seinast 15. februar:

Betal inn kr 50 (deltaking) eller kr 250 (inkl. lunsj og kaffe) til konto 9365.19.94142 eller Vipps #551769. Merk betaling «Villrein 2023».

Europas siste villrein

Nesten all den gjenlevande europeiske villreinen held til i sørnorske fjellområde. Noreg har difor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på arten. Regjeringa har vedteke at det skal lagast ei stortingsmelding om villreinen. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide meiner at det er «eit stort behov for å betre tilhøva for villreinen i Noreg. Det er naudsynt for å sikre at arten overlever.» Det har vore bygd mykje kunnskap om villreinen sidan årtusenskiftet. Leveområda blir likevel stadig forringa gjennom nedbygging og forstyrrande aktivitetar. Målet er å snu denne urovekkjande trenden.

Om arrangøren

Føremålet med foreininga Bevar Dovrefjell Mellom Istidene (BDMI) er å arbeide for å bevara og å reetablere eit intakt økosystem på Dovrefjell. Foreininga legg til rette for samarbeid, bidreg med informasjonsarbeid og deltek i prosessar knytt til utnyttinga og forvaltinga av Dovrefjell. Foreininga vart etablert i 2008.

Program

Kl. 10.45 | Opning ved Hans Erik Wold, leiar i Bevar Dovrefjell Mellom Istidene.

Kl. 11.00 | Guri Sørumgård Botheim les frå diktsamlinga Heime mellom istidene.

Kl. 11.05 | Svein Sæter: 12 000 års samliv med villreinen. Innleiing ved forfattaren av boka Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem.

Kl. 11.45 | Forskar Hans Olav Bråtå: om forvaltinga av villreinen og villreinens ressurssystem i Rondane – sett i eit arealperspektiv med makt og kunnskap som innfallsvinklar.

Kl. 12.30–13.30 | Lunsj

Kl. 13.30 | Guri Sørumgård Botheim les frå den komande romanen Høgfjellsmeldinga.

Kl. 13.35 | Sverre Løvaas: om Snøheimsaka. Utbygginga av Snøheim, ei turisthotell-liknande hytte, var eit stort inngrep i nasjonalparken og til skade for villreinens trekkmønster og leveområde. Etableringa skjedde på reint politisk grunnlag og under utøving av «vald» på eksisterande vernereglar.

Kl. 14.10 | Per Jordhøy presenterer forsking om villreinen og viser filmen «Villrein & samfunn», ein film som prøver å lyfte kunnskapen «frå menigheit til samfunn». Fragmentering av leveområda er i dag ein stor trussel for villreinen. Kva er dei lange linene og kva kan vi lære av fortida? Fangstkulturen gjev oss nyttig kunnskap om korleis villreinen og menneska har brukt areala i tidlegare tider.

Kl. 15.30 | Slutt