Aukande bukkeandel i Nordfjella

Foto: Karina Gjerde

I perioden september-oktober vart det gjennomført strukturteljing i Nordfjella sone 2. Teljinga viser eit aukande tal vaksne bukkar, samanlikna med tidlegare år.

Fjelloppsynet utførte teljinga på oppdrag for villreinutvalet for Nordfjella. Oppsynet filma flokkane dei fann, og opptaka vart deretter analyserte av Norsk villreinsenter Sør for å vurdere samansetninga. Opptaka viste 328 dyr fordelte på fem flokkar. Av desse var 167 simler, 83 kalvar og dei resterande bukkar i ulike aldrar (34 vaksne bukkar, 24 bukkar på 2,5 år og 20 bukkar på 1,5 år).

Strukturteljinga omfatta truleg over halvparten av dyra i Nordfjella, og utvalet er dermed stort nok til at teljinga sannsynlegvis er representativt for stamma. 

Det samla talet villrein i Nordfjella, rundt 600 dyr, er basert på kalveteljinga i sommar. Denne teljinga hadde NINA – norsk institutt for naturforsking ansvaret for.

Her finn du tal frå kalveteljinga i Nordfjella i perioden 2021-2026: Statistikk – Hjorteviltregisteret
Her finn du tal frå strukturteljinga i Nordfjella hausten 2026: Statistikk – Hjorteviltregisteret

Publisert: 24.11.2026
Skrevet av: Linda Herfindal Lien