No startar arbeidet med å få villreinen tilbake i Nordfjella
Foto: Karina Gjerde, Norsk villreinsenter
Publisert: 22.06.26 // Oppdatert: 24.06.26 // Tekst: Regjeringen
Arbeidet med å få tilbake villrein i Nordfjella startar i sommar.
Skrantesjuke
Vinteren 2017/2018 vart heile villreinbestanden i Nordfjella sone 1 avliva etter at det året før vart påvist skrantesjuke. Sone 1 omfattar området nord/nordaust for fylkesveg 50 Hol-Aurland. Reetableringa skal skje med villrein frå Nordfjella sone 2, som er sør/sørvest for fylkesvegen.
Skrantesjuke (CWD) er den mest alvorlege og smittsame sjukdommen som er påvist hos hjortedyr i Norge.
Gjerde og overvaking
Målet har heile tida vore å få villreinen tilbake. I april leverte ei arbeidsgruppe ein plan til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Myndigheitene skal basere arbeidet på råda til arbeidsgruppa.
Tiltaka som no vert igangsette er mellom anna:
- Dialog om sperregjerde med grunneigarar.
- Forsterke gjerdet langs riksveg 52 for å halde villrein og tamrein frå kvarandre
- Fjerne sperregjerdet mellom sone 1 og 2 for å få dyr over frå sone 2 til sone 1. Deretter skal det setjast opp eit nytt gjerde for å halde villreinflokkane frå kvarandre fram til sone 1 er friskmeld.
- Følgje opp sikring av salteplassar.
- Sørgje for overvaking og kontroll med meir teljing av villrein, GPS-merking og testing, og betydeleg innsats i felt.
Det er Miljødirektoratet, i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, som koordinerer arbeidet.
Fakta
Reetableringa er delt inn i fire fasar:
Fase 1 – Arbeid før villrein vert overført frå sone 2 til sone 1
Fase 2 – Overføring av villrein frå sone 2 til sone 1
Fase 3 – Etablering av den nye bestanden i sone 1 og vandringshinder mellom sonene
Fase 4 – Gjenoppbygging av bestanden og overvaking
Overføringa av villrein skal verte gjennomført med aktiv driving av villreinflokken(ar) frå sone 2 til sone 1, etter prinsipp beskrivne i råda til arbeidsgruppa.
Departementa vil oppnemne ei prosjektgruppe med kompetanse på villrein, reindrift, forvalting, dyrehelse, dyrevelferd og smitteberedskap. Det skal vere ei balansert samansetjing med brei lokal deltaking i prosjektgruppa.
Les meir
Nyheitsaka på regjeringa si nettside
No startar arbeidet med å få villreinen tilbake i Nordfjella
Informasjonsnettside om reetableringsarbeidet
reetablering.no
Utkast til reetableringsplan
Plan for reetablering av villrein i Nordfjella
