reetablering

Legg fram tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde

Legg fram tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde

Foto: Olav Strand

Publisert: 2.07.2026 // Tekst: Regjeringen

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen legg i dag fram tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde. Målet er å snu den negative utviklinga og betre tilstanden til villreinen.

– Villreinen på Hardangervidda er hardt pressa frå stadig meir menneskeleg aktivitet. Vegar, stiar, hytter og motorferdsel held villreinen vekk frå viktige område for villreinen. Dette er me nøydde til å ta tak i, dersom vi skal ha ein levedyktig bestand på vidda også i framtida
Andreas Bjelland Eriksen
Klima- og miljøminister

Tiltaka i planen handlar mellom anna om å kanalisere ferdsel og trafikk gjennom regulering av ferdsel på vegar, samordning og reduksjon av helikoptertrafikk og annan motorferdsel, og fjerning av stigar og turisthytter på vidda.

Vidare handlar tiltaka om høg terskel for nye arealinngrep i villreinfjellet og oppdatering av arealplanar. Tiltaksplanen legg vekt på å reetablere passasjar villreinen har brukt tidlegare og ta vare på dei trekkpassasjane villreinen bruker i dag.

Det har i arbeidet med tiltaksplanen vore lagt stor vekt på brei involvering av kommunar, fylkeskommunar og andre råka aktørar, mellom anna gjennom fleire folkemøte og fleire møte med kommunane rundt Hardangervidda.

– Innsatsen for villreinen er vårt felles ansvar. Gode innspel har styrkt planen, og det er brei semje om å ta vare på villreinen på Hardangervidda. Samtidig er ikkje dette berre enkle tiltak, og eg har stor forståing for at det er fleire interesser som blir påverka av den nye planen. No startar gjennomføringa av nødvendige tiltak, og eg ser fram til vidare samarbeid med lokale styresmakter og andre aktørar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Fakta

Villreinmeldinga som regjeringa la fram i 2024, og handsaminga i Stortinget, dannar ei ramme for arbeidet med tiltaksplanane for norske villreinområde. Tiltaksplanane er ikkje juridisk bindande, men ei samla oversikt over tiltak som skal søkjast gjennomført av styresmakter på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, frivillige organisasjonar, rettshavarar, grunneigarar og andre aktørar i villreinområda.

Nokre av tiltaka:

  • Kanalisering av ferdsel gjennom Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda
  • Stengje Torehytten, Lågaros og Hadlaskard turisthytter, samt stengje Hellevassbu turisthytte i sumarbeiteperioden, og gjere Litlos om til sjølvbetent hytte
  • Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde
  • Revidere kommunale planar (planvask) og basere framtidig utbygging på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein
  • Framleis vinterstengd veg over Imingfjell, samt regulere ferdsel i området, til dømes kiting, for å sikre vinterbeite på nord- og austvidda
  • Redusere og regulere innfallsportar vinterstid, mellom anna regulere tilkomst på og bruk av fleire vegar inn i villreinområdet
  • Inngå samarbeid med beitenæringa om eksempelvis plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar, parasittbehandling før beiteslepp, områdebruk, med meir
  • Forsking og utviklingsprosjekt om samla belastning, mellom anna klimaendringane sine påverknader på villrein (inkludert klimatilpassing)

Les meir

Nyheitsaka på regjeringa si nettside:

Legg fram tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde

Informasjonsnettside om tiltaksplaner: 

villrein.no/tiltaksplaner

Informasjonsnettside om kvalitetsnorm for villrein:

villrein.no/kvalitetsnorm

Legg fram tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde Read More »

No startar arbeidet med å få villreinen tilbake i Nordfjella

No startar arbeidet med å få villreinen tilbake i Nordfjella

Foto: Karina Gjerde, Norsk villreinsenter

Publisert: 22.06.26 // Oppdatert: 24.06.26 // Tekst: Regjeringen

Arbeidet med å få tilbake villrein i Nordfjella startar i sommar.

Det er eit stort ønske og engasjement lokalt for å få villreinen tilbake til Nordfjella. Eg er glad for at me no set i gang arbeidet med å få dette til på ein trygg og god måte. Det er ei stor og krevjande oppgåve, men målet er å få villrein frå Nordfjella sone 2 over til sone 1 allereie til vinteren.
Andreas Bjelland Eriksen
Klima- og miljøminister

Skrantesjuke

Vinteren 2017/2018 vart heile villreinbestanden i Nordfjella sone 1 avliva etter at det året før vart påvist skrantesjuke. Sone 1 omfattar området nord/nordaust for fylkesveg 50 Hol-Aurland. Reetableringa skal skje med villrein frå Nordfjella sone 2, som er sør/sørvest for fylkesvegen.

Eg er glad for at me no kjem vidare med å reetablere villrein i Nordfjella sone 1. Det har vore viktig å leggje stor vekt på dei lokale ønska og fleirtalet i arbeidsgruppa i avgjerda om reetablering.
Nils Kristen Sandtrøen
Landbruks- og matminister

Skrantesjuke (CWD) er den mest alvorlege og smittsame sjukdommen som er påvist hos hjortedyr i Norge.

Gjerde og overvaking

Målet har heile tida vore å få villreinen tilbake. I april leverte ei arbeidsgruppe ein plan til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Myndigheitene skal basere arbeidet på råda til arbeidsgruppa.

Tiltaka som no vert igangsette er mellom anna:

  • Dialog om sperregjerde med grunneigarar.
  • Forsterke gjerdet langs riksveg 52 for å halde villrein og tamrein frå kvarandre
  • Fjerne sperregjerdet mellom sone 1 og 2 for å få dyr over frå sone 2 til sone 1. Deretter skal det setjast opp eit nytt gjerde for å halde villreinflokkane frå kvarandre fram til sone 1 er friskmeld.
  • Følgje opp sikring av salteplassar.
  • Sørgje for overvaking og kontroll med meir teljing av villrein, GPS-merking og testing, og betydeleg innsats i felt.

Det er Miljødirektoratet, i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, som koordinerer arbeidet.

Fakta

Reetableringa er delt inn i fire fasar:
Fase 1 – Arbeid før villrein vert overført frå sone 2 til sone 1
Fase 2 – Overføring av villrein frå sone 2 til sone 1
Fase 3 – Etablering av den nye bestanden i sone 1 og vandringshinder mellom sonene
Fase 4 – Gjenoppbygging av bestanden og overvaking

Overføringa av villrein skal verte gjennomført med aktiv driving av villreinflokken(ar) frå sone 2 til sone 1, etter prinsipp beskrivne i råda til arbeidsgruppa.

Departementa vil oppnemne ei prosjektgruppe med kompetanse på villrein, reindrift, forvalting, dyrehelse, dyrevelferd og smitteberedskap. Det skal vere ei balansert samansetjing med brei lokal deltaking i prosjektgruppa.

Les meir

Nyheitsaka på regjeringa si nettside
No startar arbeidet med å få villreinen tilbake i Nordfjella

Informasjonsnettside om reetableringsarbeidet
reetablering.no

Utkast til reetableringsplan
Plan for reetablering av villrein i Nordfjella

No startar arbeidet med å få villreinen tilbake i Nordfjella Read More »

Opprettar statens villreinfond

Opprettar Statens villreinfond

Foto: Karina Gjerde, Norsk villreinsenter

Publisert: 13.05.2026 // Tekst: Regjeringen

Regjeringa vil opprette Statens villreinfond for å ta betre vare på villreinen.

– Tilstanden til villreinen i Noreg er kritisk, og det hastar å få på plass tiltak. Arbeiderparti-regjeringa opprettar difor eit villreinfond som skal bidra til å betale for tiltak som kan betre situasjonen for villreinen. Pengane skal kome frå dei som har konsesjon til å drive vasskraft, og der utbygginga påverkar villreinen negativt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.  

Vasskraft kan ha stor negativ påverknad på villreinen. Dei som har konsesjon til å drive med vasskraft kan difor bli pålagde å betale inn eit eingongsbeløp om dei ikkje finn andre måtar å leggje til rette for villreinen på. Desse pengane skal gå til å opprette Statens villreinfond. Fondet skal betale for tiltak som skal betre situasjonen for villreinen, spesielt villrein som er påverka av vasskraftutbygging.

Det ligg per no pålegg om å innbetale 54 millionar kroner til fondskontoen frå dei som har konsesjon for å drive med vasskraft, til bruk på villreintiltak både i år og kommande år. Det kan i tillegg kome nye innbetalingar i kommande år som følgje av nye pålegg.

Miljødirektoratet skal forvalte fondet, medan Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for å krevje inn eingongsbeløpa.

Tilskotsmidlane vil bli lyste ut av Miljødirektoratet så snart som mogleg.

Tekst hentet fra denne saken på regjeringen.no

Opprettar statens villreinfond Read More »

Folkemøter om reetablering av villrein i Nordfjella

Folkemøter om reetablering av villrein i Nordfjella

Foto: Knut Fredrik Øi, Aurland fjellstyre

Publisert: 14.04.2026 // Tekst: Karina Gjerde og Kamilla Rust

En arbeidsgruppe oppnevnt av Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har levert en plan for hvordan vi kan få villreinen tilbake i Nordfjella på en trygg måte. Det inviteres inn til fysiske og digitale folkemøter for å informere om innholdet i rapporten. Det vil også bli anledning til å stille spørsmål.

Lærdal

Tysdag 21. april, klokka 18:00

Lærdal kulturhus, kultursalen

Lenke til arrangement på Facebook

 

Ål

Onsdag 22. april, klokka 18:00

Ål kulturhus, Sprang

Lenke til arrangement på Facebook

 

Følg reetableringsarbeidet på

Folkemøter om reetablering av villrein i Nordfjella Read More »

Arbeidsgruppe foreslår plan for å få villreinen tilbake i Nordfjella

Arbeidsgruppe foreslår plan for å få villreinen tilbake i Nordfjella

Foto: Knut Fredrik Øi, Aurland fjellstyre

Publisert: 08.04.2026 // Tekst: regjeringen.no

En arbeidsgruppe oppnevnt av Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har i dag levert sin plan for hvordan vi kan få villreinen tilbake i Nordfjella på en trygg måte.

En arbeidsgruppe oppnevnt av Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har i dag levert sin plan for hvordan vi kan få villreinen tilbake i Nordfjella på en trygg måte.

Rapporten ble overlevert til statssekretær Kristoffer André Hansen i Klima- og miljødepartementet og statssekretær Anette Stegegjerdet Nordberg i Landbruks- og matdepartementet.

– Det er et stort ønske og engasjement lokalt for å få villreinen tilbake til Nordfjella. En arbeidsgruppe med god kunnskap om de lokale forholdene har gitt oss forslag til hvordan vi kan få til dette på en trygg måte. Dette er en viktig rapport som gir et godt grunnlag for det videre arbeidet med å få tilbake villreinen, sier statssekretær Kristoffer Hansen.

Vinteren 2017/2018 ble hele villreinbestanden i Nordfjella sone 1 avlivet etter at det i 2016 ble påvist skrantesjuke (CWD). Skrantesjuke er den mest alvorlige og smittsomme sykdommen som er påvist hos hjortedyr i Norge. Regjeringen har besluttet at villreinbestanden skal reetableres ved å flytte villrein fra Nordfjella sone 2.

Rapporten regjeringen nå har fått, beskriver hvordan dette kan gjennomføres.

– Dette er en sak som har opptatt mange. Jeg er glad for at arbeidsgruppen har levert sin vurdering av nødvendige risikoreduserende tiltak før, under og etter reetableringsprosessen. Det er viktig å redusere smitterisikoen, og å ivareta og trygge reindriften i området, når villreinen flyttes, sier statssekretær Anette Stegegjerdet Nordberg.

 

Tiltakene arbeidsgruppen anbefaler er blant annet:

  • Å forsterke gjerdet langs riksvei 52 for å holde villrein og tamrein fra hverandre.
  • Å fjerne sperregjerdet og andre barrierer mellom sone 1 og 2 for å få dyr over fra sone 2 til sone 1, forså å sette opp nytt gjerde for å holde villreinflokkene fra hverandre frem til sone 1 er friskmeldt.
  • Å sørge for god overvåking, testing og dokumentasjon av villreinen.
  • Å sikre godt samarbeid, lokalt eierskap og bred aksept for planen.
  • Å holde andelen villreinbukker lav i sone 1 de første årene.

Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Mattilsynet skal nå vurdere og komme med sin anbefaling til hvordan vi kan få tilbake villreinen i Nordfjella, med utgangpunkt i rapporten fra arbeidsgruppa. Regjeringen vil deretter beslutte hvordan vi skal få tilbake villreinen i Nordfjella.

Dersom ny kunnskap tilsier at risikoen for re-smitte er uakseptabel høy, vil regjeringen vurdere om prosjektet med å få villreinen tilbake i Nordfjella skal utsettes.

Denne nyheten er også lagt ut på regjeringen sine nettsider.

Følg reetableringsarbeidet på

Arbeidsgruppe foreslår plan for å få villreinen tilbake i Nordfjella Read More »